Arbeidsverkstad med 9. trinn, 15.06.23

Fleire kart i ein bunke på golvet - Klikk for stort bilete

Den 15. juni 2023 vart det gjennomført ein workshop med elevane frå Eid ungdomsskule. Dersom ein ønskjer at barn og ungdom skal ha lyst til å bu i regionen også i framtida, er det ikkje nok å berre kalle dei unge "framtida vår". Dei unge må og få kome med innspel og idear til det som angår deira kvardag, og få ta del i skapinga av denne.

Involvering av ungdom i samfunnsutviklinga fører til læring og styrker forståinga for kommunale prosesser.

Workshop

  1. Fem område/ting som er bra skal nummererast og markerast med :)
  2. Fire område med gode idear skal nummererast og markerast med hjarte
  3. Tre område/ting som er mindre bra skal nummererast og markerast :(

Det er interessant å merke seg at ungdom tilfører samfunnsdebatten perspektiv som er annleis frå andre interessegrupper. Ungdom er ekspertar på korleis det er å vakse opp i dag. Dei tenkjer kreativt og ser ting frå andre perspektiv enn vaksne. Ungdomsskuleelevane hadde fleire gode idéar.

Under kan de sjå ungdomanes innspel:

Det vart og fremja forslag om at ungdom kan få i sommarjobb å iverksette alle desse forslaga.

Fleire kart på eit golv - Klikk for stort bilete
Bilde av eit kart med skrift på - Klikk for stort bilete
bilde av fleire idear skrevet bakpå eit ark - Klikk for stort bilete