Møte 21. august - Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid

Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid gjennomførte den 21. august 2024 eit nytt arbeidsmøte. 

Agenda

  • Felles lunsj
  • Velkomen og gjennomgang av kva som har skjedd sidan sist
  • Presentasjon av utkast til strategi for Nordfjordeid (Stad kommune)
  • Presentasjon av moglegheitsstudie for Nordfjordeid sentrum (Norconsult)
  • Arbeidsverkstad 1 -Innspel til utkast til strategi for Nordfjordeid (v/Stad kommune)
  • Arbeidsverkstad 2 - Moglegheitsstudie for Nordfjordeid (v/Norconsult)

Kva har skjedd sidan sist?

Kommunestyret vedtok 14.03.2023 å vidareføre oppgåveutvalet med inntil fem nye arbeidsmøte. Som oppfølging av oppgåveutvalet si løypemelding til kommunestyret vart det gjennomført grunnundersøkingar i sjø og strandsone hausten-vinteren 2023. Våren 2024 vart det sett i gong ein moglegheitsstudie som femner om fortetting, volumstudie, fjordfronten og handels- og næringsanalyse. Det blir òg jobba vidare med skule- og idrettsområdet og inkludering av barn og unge.

Ei administrativ prosjektgruppe jobbar no med å utarbeide eit strategidokument basert på oppgåveutvalet sine diskusjonar og innspel frå anna medverknad. Strategidokumentet og moglegheitsstudien blir lagt fram til politisk behandling til hausten.​

Oppdatert mandat for oppgåveutval (PDF, 724 kB)

Vidareføring av utval i samband med strategisk plan for Nordfjordeid og orientering om arbeidet (PDF, 218 kB)

Informasjonsbrev til oppgåveutval 31.05.2024 (PDF, 136 kB)

Presentasjonar frå møtet

Presentasjon - utkast til strategi for Nordfjordeid (PDF, 4 MB)

Presentasjon - moglegheitsstudie for Nordfjordeid sentrum (under arbeid) (PDF, 6 MB)

Arbeidsverkstadar

 

Vegen vidare

Prosjektgruppa tek med seg innspela frå oppgåveutvalet i det vidare arbeidet med strategidokumentet og kjem til å jobbe vidare med arealstrategiar. Norconsult skal levere moglegheitsstudien i slutten av september. Denne vert også brukt som innspel til strategidokumentet. 

Oppgåveutvalet signaliserte i møtet at dei ønskjer eit møte til for å få presentert endeleg forslag til strategidokument før politisk vedtak.