Dag- og aktivitetstilbod til vaksne mellom 18 og 67 år med nedsett funksjonsevne

Stad kommune har dagaktivitetstilbod til deg som av ulike årsaker står utanfor ordinært arbeidsliv. Tilbodet skal bidra til ein aktiv og meiningsfull kvardag saman med andre. Ein må vere motivert for aktivitet og ulike arbeidsoppgåver, og ein må kunne samarbeide med andre i større eller mindre grupper. Søkjar må ha behov for rettleiing, trening, aktivisering og vedlikehald av ferdigheiter. Tilbodet omfattar ikkje helsetenester.

Kva kan vi tilby?

I Stad kommune har vi tre lærings- og aktivitetssenter. LA-senteret på Nordfjordeid, Hove i Selje og Vår sin butikk på Stadlandet.

Ut i frå søknad og vedtak om tenesta vil ein tilpasse ditt behov for oppfølging. Dei tre tilboda har forskjellige arbeidsoppgåver. Dagtilbodet vert gitt måndag-fredag i tidsrommet 8.00-15.00. Vi har fire veker feriestengt om sommaren og vi har stengt i jula. 

Tilbodet er gratis. 

Våre tre dagtilbod

Slik søkjer du

Søknadskjema

Lenkje til tenestestandard (PDF, 956 kB)