Hukommelsesteamet arrangerer pårørandeskule for pårørande til personar med demens. Kurset gir:
- kunnskap om demens
- støtte i møte med praktiske og kjenslemessige utfordringar
- moglegheit til å møte andre i same situasjon
Kurset går over fire kveldar à ca. tre timar, og inneheld faglege forelesingar og gruppesamtalar. Kurset blir gjennomført årleg på hausten. Informasjon om kurs vert annonsert på kommunen sine nettsider.
Pårørandeskule 2026
Pårørandeskule er eit tilbod til deg som har ein nær med minnesvikt eller demenssjukdom. Gjennom faglege forelesingar og samtalegrupper får du kunnskap om demens, og kva følgjer dette kan ha for personen med demens og for deg som pårørande. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området. Tilbodet er for pårørande i heile Stad kommune.
Arrangør Stad kommune v/hukommelsesteamet
Påmeldingsfrist Måndag 31. august
Påmelding Demenskoordinator Hege-Anita Nesbø
Telefon: 949 74 130 / E-post: hege-anita.nesbo@stad.kommune.no
Max deltakarar 15 stk
Program
Torsdag 3. september 2026
- Kva er demens – ei innføring i demenssjukdomar
Torsdag 10. september 2026
- Kommunikasjon
- Informasjon om hjelpemiddel, helseteknologi og tilrettelegging av omgjevnader
Torsdag 17. september 2026
- Ein pårørande fortel om eigne erfaringar
Torsdag 24. september 2026
- Framtidsfullmakt
- Stad demensforeining orienterer
- Tenester og tilbod i Stad kommune
Infoplakat om pårørandeskule 2026, pdf for print (PDF, 166 kB)
