Krav til campingplassar/utleige av hytter/forsamlingslokaleFølgande verksemder, eigedommar og tiltak skal melde til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar: Campingplassar og andre liknande verksemder som vert nytta av mange personar Lokalar for undervisning og andre forsamlingslokale som vert nytta av mange Verksemder som føretek utslepp av avløpsvatn Asylmottak HospitsDet er eit overordna krav at verksemda skal planleggast, byggast, drivast og avviklast på ein helsemessig tilfredsstillade måte, slik at det ikkje medfører helseskade eller helsemessig ulempe.Krav om å hindre spreiing av legionella smitteDusjanlegg kan innebere spreiing av legionella via aerosol. Forskrift om miljøretta helsevern krevje at verksemda hindrar slik spreiing. Informasjon om dette her FHI: Førebygging av legionella smitte OpplysningspliktDen ansvarlege for verksemda skal på eige initiativ gi kommunen opplysningar om forhold som openbart kan ha negativ innverknad på helsa.Krav om internkontrollsystemFor å sikre at krava i forskrifta ivaretakast skal verksemda etablere internkontrollsystem, som skal kunne dokumenterast overfor tilsynsmyndigheita.RegelverkForskrift miljørettet helsevern MeldeskjemaMeldeskjema campingplass (PDF, 49 kB) Publisert 20.01.2022 16.16 Sist endra 21.01.2022 09.52