Vi møter ungdom der dei er, eller der dei ønskjer å vere. Det kan vere heime, på skulen, på kontoret vårt, fritidsarenaer eller medan vi gjer aktivitetar saman. Teamet skal hjelpe ungdom som ikkje nyttar seg av, eller ikkje har tilstrekkeleg utbytte av, det ordinære tenesteapparatet og behandlingslinjene. Målet er å bidra til ei positiv livsendring for ungdommen og familien. Vi ønskjer at ungdommen sine eigne mål skal vere drivande for behandlinga.
Les meir om FACT hos Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid.
Om FACT Ung-teamet
FACT Ung er eit samarbeidsprosjekt mellom Stad kommune og Helse Førde ved BUP Nordfjord. FACT står for Flexible Assertive Community Treatment.
Vi tilbyr eit heilskapleg behandlingstilbod gjennom tett oppfølging frå fleire yrkesgrupper. Teamet består av teamleder, brukerspesialist, barne- og ungdomspsykiater, psykolog og miljøterapeut.
Vi tilbyr ulike behandlingsformer, mellom anna:
- individuell behandling
- familierettleiing
- samtalar
- støtte i samarbeid med NAV og andre offentlege instansar
Kven er målgruppa?
- Ungdom i alderen 12-25 år, som er busette i Stad kommune.
- Ungdom med moderat til alvorleg funksjonsfall på fleire område, til dømes psykisk helse, sosial fungering, skule, fritid, arbeid, rus, busituasjon og/eller familie.
- Ungdom med langvarige og samansette vanskar som krev innsats frå fleire tenester.
- Ungdom der polikliniske tilbod ikkje er tilstrekkelege.
- Ungdom som tidlegare har fått andre tiltak utan tilstrekkeleg effekt
Korleis få tilbudet?
For å få oppfølging frå FACT Ung treng ein tilvising. BUP og psykisk helseteneste i kommunen kan tilvise til FACT Ung.
Tilvisinga blir vurdert av eit inntaksteam, som avgjer om FACT Ung er eit eigna tilbod for ungdommen.