Lokal transport for ungdom (LTU)
- LTU-taxi heim frå ungdomsklubben
- Transportstøtte til ungdomsarrangement
LTU-taxi heim frå ungdomsklubben
LTU-taxi gir ungdom mellom 13 og 19 år, som har meir enn 2 km heim, høve til å få skyss heim frå ungdomsklubbar som har dette tilbodet via samarbeid med Stad kommune og Vestland fylkeskommune.
Eigenandelen er 30 kr per person.
Slik fungerer ordninga:
Når du kjem til ungdomsklubben, melder du frå til klubbleiaren eller ein ansvarleg vaksen dersom du treng skyss heim.
Klubbleiaren eller den ansvarleg vaksne bestiller skyssen heim. Ungdommen skal ikkje bestille taxi sjølv.
Merk: Tilbodet gjeld ungdomsklubbar som har avtale/er med i samarbeidet om LTU.
Ungdomsklubbar i Stad kommune
Leikanger/Stadlandet
Selje
Nordfjordeid
- Nattkafeen
- Møteplassen på biblioteket i Operahuset Nordfjord
- Gymmen
Tilbodet og oversikta kan bli endra. Sjekk informasjon på Stad Foreningsportal og/eller den kanalen ungdomsklubben din brukar.
Ta kontakt med ungdomsklubben dersom du er usikker.
Dersom du som ungdom opplev ofte at du har problem med å komme deg til ungdomsklubben, kan du snakke med den klubbansvarlege for å høyre om det finst råd eller moglege løysingar. (Dette er ikkje ein del av det faste transporttilbodet, og det er ingen garanti for at skyss kan ordnast.)
Ved behov kan den klubbansvarlege ta kontakt med sakshandsamar for LTU-ordninga.
Transportstøtte til ungdomsarrangement
Stad kommune har også ei ordning der ungdom, lag, organisasjonar og andre kan søkje om transportstøtte til (større)ungdomsarrangement, som ball, elevkveldar og konsertar m.m
!OBS! må sende inn søknad seinast 2 veker før arrangementet skal vere.
Her finn du meir informasjon og søknadsskjema: Transportstøtte til ungdomsarrangement
Driv du (skal du starte opp) ein ungdomsklubb og ønskjer ei LTU-avtale/samarbeid?
Her finn du informasjon om LTU-kriteria for ungdomsklubbar og transportordningar
Bakgrunn for LTU-ordninga i Stad kommune:
Kvart år søkjer Ungdomsrådet og LTU - sakshandsamar i Stad kommune om midlar til lokale transporttilbod for ungdom (LTU) frå Vestland fylkeskommune. Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år og skal leggje til rette for deltaking på fritidsaktivitetar og ungdomsarrangement, ettermiddag/kveld.
