Sommaraktivitetar for born og unge 2023

Sommar og skuleferie står snart for tur! 
- Vi trur at late sommardagar + kjekke, sosiale aktivitetar = verdas beste sommar!

Her i Stad kommune kan du gjennom sommaren boltre deg i eit mangfald av flotte aktivitetar som lag, organisasjonar og andre aktørar i Stad har lagt tilrette for deg for å gje deg gode opplevingar og sommarminne!  

Påmelding skjer direkte til arrangørane. I år er enkelte aktivitetar gratis og nokre kostar det litt å delta på. 

Meir informasjon om aktivitetane finn du på arrangørane sine nettsider!

To jenter som rid på fjordhest ved ei strand - Klikk for stort bilete

Lenkjer til aktørane:

Møteplassen for ungdom; div. aktivitetar og spel,
Eidsgata 9, v27-32 og Nabben 80, Selje, veke 26-31. 
Man.-fred. kl. 12-14.00. Gratis! Ingen påmelding.
Stad kommune/frivilligsentralane

Hamna sommarskule klatring, 21.-23. juni
Sommaraktive Stadt 30. juni-8. juli
Klenkarberget Sommarcamp 21. juni-21. juli
Norsk Fjordhestsenter rideleir veke 25
Fjordane Friluftsråd friluftsskule Nordfj.eid veke 26, friluftsskule Selje veke 28
Stad sjøredningsklubb Kidsclub
Opera Nordfjord sommarskule 24.-29. juli
Eid symjeklubb symjekurs veke 32
Tine Fotballskule Nordfj.eid 14.-16. aug.
Krokpollen kystleirskule sommarleir
BUA Eid utleige utstyr for aktivitet
BUA Selje utleige utstyr for aktivitet
Eid symjehall sommarbading veke 27-31
Stad bibliotek sommarles
Stad kino sommarkino

Sommarjobb Er du mellom 14 og 20 år kan du søke deg sommarjobb i Stad kommune!

Har du tips til andre kjekke tilbod for born og unge i sommar?
Send tips til post@stad.kommune.no, så legg vi dei til på lista.

Infoplakat (PDF, 3 MB) pdf