MomskompensasjonLotteri- og stiftelsestilsynet har 2 ulike ordningar for momskompensasjon. Momskompensasjon for idrettsanlegg Ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet, og gjeld anlegg der byggjearbeidet er sett i gang etter 1. januar 2010. Dei som fyller vilkåra kan søkje om kompensasjon for meirverdiavgift ved bygging av idrettsanlegg. Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som forvaltar denne ordninga. Meir infomasjon finn du her: https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-idrettsanlegg/ Momskompensasjon generell ordning Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet gjennom å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. Rekneskapsåret 2019 er grunnlaget for søknaden i 2020. Meir informasjon finn du her https://lottstift.no/tilskotsordningar/om-momskompensasjon-generell-ordning/ Publisert 25.05.2020 12.16 Sist endra 26.05.2020 10.26
Momskompensasjon på idrettsanlegg - Søknadsfrist 1.desember 2023 Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Ordninga omfattar ikkje drifts...
Søknadsfrist 1.september 2023 - Frivillige organisasjonar kan no søke om momskompensasjon på varer og tenester Det er ope for søknader og søknadsfristen er 1. september 2023