Forskottering av spelemidlar Forskottering av spelemidlar frå Stad kommune vert avslutta frå og med 2025. Dette fordi Stad kommune er blitt innmeldt som Robek-kommune, og kommunen har ikkje lenger frie midlar til å finansiere ordninga. Stad kommune har sidan 2022 hatt eit eige fond for ordninga «Forskottering av spelemidlar til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet». Ordninga om forskottering av spelemidlar til anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet skal vere hjelp til lag/organisasjon som står i kø for å få tildelt spelemidlar til idrettsanlegg frå fylkeskommunen. Ordninga skal gjere det mogleg for lag/organisasjon til å starte og fullføre sitt prosjekt/tiltak med ein gang søknaden er godkjent/formelt i orden av fylkeskommunen.Retningslinjer (PDF, 782 kB)Vedtak om ordninga forskottering av spelemidlar (PDF, 5 MB) Publisert 05.06.2025 10.43 Sist endra 05.06.2025 13.03