Spelemidlar 2027 - Søknadsfrist 1. oktober 2026

Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet?

 

NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26

Meir informasjon kjem

Frist 1. oktober 2026

  1. Søknadfrist for å søke om spelemidlar 2027 til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  2. Frist for å sende inn innspel til handlingsprogrammet 2027-2030 (For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan)

Spelemiddelsøknad 2027

Søknadsskjemaet er opna - Søknadsfristen er 1. oktober 2026.

Søknaden skal sendast inn elektronisk via nettsida www.anleggsregistert.no
denne sida vil du finn den informasjon du treng for spelemiddelsøknad med blant anna

  • vilkår og krav
  • søknadsprosess
  • dokumentasjonskrav
  • hjelp til utfylling

 

NB! Endringar i regelverk frå 15.06.26

Meir informasjon kjem

 

 

Søknadsskjema

Søknadsskjema er elektronisk og du må nytte din personlege Bank ID for pålogging. Trykk på «Logg på Skjema» på denne sida for å logge inn på søknadsskjema.

Elektronisk søknadsskjema

Anleggsnummer

Anlegget må være registrert i Anleggsregisteret av kommunen. Den enkelte organisasjon må ta kontakt med kommunen for å få anlegget oppført i registeret. Dersom korrekt organisasjon er kopla til korrekt anlegg av kommunen i Anleggsregisteret, vil søkar få opp ei liste over sine anlegg ved utfylling av søknaden.

Er det nytt anlegg må de sende informasjon om anlegget/prosjektet og be om anleggsnummer til e-post: anna.karete.bjorlo@stad.kommune.no eller post@stad.kommune.no 

Hadde du godkjent søknad, men ikkje tildeling sist? 

  • Husk at du må fornye søknaden. 
  • Husk å legge inn eventuelle endringar i prosjektet.

Dersom det var du som fylte ut søknaden i fjor vil du få opp forslag om å fornye/gjenta søknaden i vindauget som kjem opp etter pålogging til søknadsskjemaet.

Dersom nokon andre fylte ut søknaden for din organisasjon i fjor må du ha referansenummeret på den tidlegare innsendte søknaden, og organisasjonsnummeret til organisasjonen du fyller ut søknad for. Etter pålogging på skjemaet vel du linken “Andre søknader til gjentakelse/fornying” nederst i vinduet som kommer opp. Her skriv du inn referansenummeret og organisasjonsnummeret.

Innspel til handlingsprogram 2027-2030

NB! Endingar i regelverk gjeld frå 15.06.26.    Meir informasjon kjem.

 

Fristen for å sende innspel til handlingsprogrammet 2027-2030 er 1. oktober 2026.
For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan. Kvart år blir handlingsprogrammet rullert. 

Kva betyr rullering av handlingsprogrammet? 
Handlingsprogrammet gjev ei oversikt over kva anlegg som det er planlagt å søkje spelemidlar for, og det er også eit vilkår for å kunne søkje spelemidlar at anlegget er vedteke inn i ein kommunedelplan. Det er anleggseigar sjølv som spelar inn anlegget. Handlingsprogrammet synleggjer elles behov av anlegg som kan løyse ut spelemidlar.

I denne rulleringa kan kommunen vedta å ta inn i handlingsprogrammet: 
· Alle typar anlegg (ordinære anlegg og nærmiljøanlegg) 
· Tiltak frå langtidsprogrammet i kommunedelplanen 
· Tiltak som allereie ligg i vedteken handlingsprogram for 2025-2028 blir vidareført om det ikkje er sendt inn melding om endring.

Alle lag og organisasjonar må sjå gjennom tidlegare vedteke handlingsprogram for å vurdere om sine anlegg/prosjekt framleis er aktuelle.
Er det ikkje konkrete planar om det aktuelle anlegget/prosjektet i løpet av dei neste 4 år, må du sende inn informasjon om dette.

Førre vedteke handlingsprogram til Stad kommune 2026-2030 - kjem snart

Dei anlegg/prosjekt som fekk tildeling av tilskot i 2026 ligg i dette handlingsprogrammet, men blir tatt ut av programmet i arbeidet fram mot nytt handlingsprogram.

Kva må vere med i eit innspel?

  • Informasjon om prosjektet? (mest mogleg informasjon om prosjektet for eksempel oppstartplan, ferdigstilling, kostnadar osv. Dette vil variere då det er ulikt kor langt ein er kome i planlegginga)
  • Kven spelar det inn og har planar om dette anlegget?
  • Kvar skal anlegget ligge? 

 

Frist for innspel til handlingsprogrammet er sett til: 1. oktober 2026.

Skriftleg innspel sendast gjennom: 

Sikker digital post.         Merk med “Innspel til handlingsprogram - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2027-2030.”

eller 

Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Merk med: Innspel til handlingsprogram - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2027-2030.

 

Har du spørsmål når det gjeld søknad om spelemidlar eller innspel til handlingsprogrammet ta kontakt på e-post:

 

Har du huska å oppdatere «Stad Foreningsportal»?

Det er laga sjølv som oppdatera sin informasjon.
Manglar ditt lag tilgang? Ta kontakt på Tlf.: 41460042 / post@eid.frivilligsentral.no
https://stad.foreningsportal.no/