Frist 15. oktober 2025
- Søknadfrist for å søke om spelemidlar 2026 til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
- Frist for å sende inn innspel til handlingsprogrammet 2026-2029 (For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan)
Spelemiddelsøknad 2026
Søknadsskjemaet er opna - Søknadsfristen er 15.oktober 2025.
Søknaden skal sendast inn elektronisk via nettsida www.anleggsregistert.no
På denne sida vil du finn den informasjon du treng for spelemiddelsøknad med blant anna
- vilkår og krav
- søknadsprosess
- dokumentasjonskrav
- hjelp til utfylling
Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet - 2025. For tildeling i 2026
Informasjon om endringar i føresegnene (bestemmelser) frå i år. (PDF, 868 kB)
Søknadsskjema
Søknadsskjema er elektronisk og du må nytte din personlege Bank ID for pålogging. Trykk på «Logg på Skjema» på denne sida for å logge inn på søknadsskjema.
Elektronisk søknadsskjema
Anleggsnummer
Anlegget må være registrert i Anleggsregisteret av kommunen. Den enkelte organisasjon må ta kontakt med kommunen for å få anlegget oppført i registeret. Dersom korrekt organisasjon er kopla til korrekt anlegg av kommunen i Anleggsregisteret, vil søkar få opp ei liste over sine anlegg ved utfylling av søknaden.
Er det nytt anlegg må de sende informasjon om anlegget/prosjektet og be om anleggsnummer til e-post: anna.karete.bjorlo@stad.kommune.no eller post@stad.kommune.no
Hadde du godkjent søknad, men ikkje tildeling sist?
- Husk at du må fornye søknaden.
- Husk å legge inn eventuelle endringar i prosjektet.
Dersom det var du som fylte ut søknaden i fjor vil du få opp forslag om å fornye/gjenta søknaden i vindauget som kjem opp etter pålogging til søknadsskjemaet.
Dersom nokon andre fylte ut søknaden for din organisasjon i fjor må du ha referansenummeret på den tidlegare innsendte søknaden, og organisasjonsnummeret til organisasjonen du fyller ut søknad for. Etter pålogging på skjemaet vel du linken “Andre søknader til gjentakelse/fornying” nederst i vinduet som kommer opp. Her skriv du inn referansenummeret og organisasjonsnummeret.
Innspel til handlingsprogram 2026-2029
Fristen for å sende innspel til handlingsprogrammet 2026-2029 er 15. oktober 2025.
For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i ein kommunal plan. Kvart år blir handlingsprogrammet rullert.
Kva betyr rullering av handlingsprogrammet?
Handlingsprogrammet gjev ei oversikt over kva anlegg som det er planlagt å søkje spelemidlar for, og det er også eit vilkår for å kunne søkje spelemidlar at anlegget er vedteke inn i ein kommunedelplan. Det er anleggseigar sjølv som spelar inn anlegget. Handlingsprogrammet synleggjer elles behov av anlegg som kan løyse ut spelemidlar.
I denne rulleringa kan kommunen vedta å ta inn i handlingsprogrammet:
· Alle typar anlegg (ordinære anlegg og nærmiljøanlegg)
· Tiltak frå langtidsprogrammet i kommunedelplanen
· Tiltak som allereie ligg i vedteken handlingsprogram for 2025-2028 blir vidareført om det ikkje er sendt inn melding om endring.
Alle lag og organisasjonar må sjå gjennom tidlegare vedteke handlingsprogram for å vurdere om sine anlegg/prosjekt framleis er aktuelle?
Er det ikkje konkrete planar om det aktuelle anlegget/prosjektet i løpet av dei neste 4 år, må du sende inn informasjon om dette.
Førre vedteke handlingsprogram til Stad kommune 2025-2028 (PDF, 297 kB)
Dei anlegg/prosjekt som fekk tildeling av tilskot i 2025 ligg i dette handlingsprogrammet, men blir tatt ut av programmet i arbeidet fram mot nytt handlingsprogram.
Kva må vere med i eit innspel?
- Informasjon om prosjektet? (mest mogleg informasjon om prosjektet for eksempel oppstartplan, ferdigstilling, kostnadar osv. Dette vil variere då det er ulikt kor langt ein er kome i planlegginga)
- Kven spelar det inn og har planar om dette anlegget?
- Kvar skal anlegget ligge?
Frist for innspel til handlingsprogrammet er sett til: 15. oktober 2025
Skriftleg innspel sendast til:
Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid,
Eller e-post: post@stad.kommune.no
Merk med/emnefelt: Innspel til handlingsprogram - Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2026-2029
Spelemiddelkurs september 2025
Vestland fylkeskommune inviterer til digitalt spelemiddelkurs for frivillige organisasjonar i Vestland:
- Tirsdag 21. september kl. 19.00-21.00
- Torsdag 27. september kl. 17.00-19.00
Meir informasjon finn de her
Har du spørsmål når det gjeld søknad om spelemidlar eller innspel til handlingsprogrammet ta kontakt på e-post:
Har du huska å oppdatere «Stad Foreningsportal»?
Det er laga sjølv som oppdatera sin informasjon.
Manglar ditt lag tilgang? Ta kontakt på Tlf.: 41460042 / post@eid.frivilligsentral.no
https://stad.foreningsportal.no/