Tilskot til kulturbygg i Vestland- Søknadsfrist 31.mars 2026

Tilskot til kulturbygg i Vestland er ei ordning finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. 
Søknaden skal sendast elektronisk gjennom anleggsregisteret, og det er lokal søknadsfrist i kvar kommune.

Søknadsfrist i Stad kommune er 31.mars 2026.

Kommunen går gjennom søknadene for å sjå at dei stettar krava i tilskotsordninga. Er det fleire søknadar i Stad kommune, skal prioriteringslista blir vedtatt politisk.

Søknadane og prioriteringsliste blir oversendt til Vestland fylkeskommune for vidare behandling og endeleg vedtak.

 

Meir informasjon, retningslinjer og søknadsskjema finn de her: 
Tilskot til kulturbygg

 

Hadde du godkjent søknad, men ikkje tildeling sist? 

  • Husk at du må fornye søknaden. 
  • Husk å legge inn eventuelle endringar i prosjektet.

 

Dersom det var du som fylte ut søknaden i fjor vil du få opp forslag om å fornye/gjenta søknaden i vindauget som kjem opp etter pålogging til søknadsskjemaet.

Dersom nokon andre fylte ut søknaden for din organisasjon i fjor må du ha referansenummeret på den tidlegare innsendte søknaden, og organisasjonsnummeret til organisasjonen du fyller ut søknad for. Etter pålogging på skjemaet vel du linken “Andre søknader til gjentakelse/fornying” nedst i vindauget som kjem opp. Her skriv du inn referansenummeret og organisasjonsnummeret.

Artikkelliste