Kunnskapsprøve i alkohollovaDet er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år. Kvar tek du prøva? Prøva tek du ved rådhuset eller administrasjonsbygget i Stad kommune. Rådhuset ligg i Nordfjordeid Sentrum og administrasjonsbygget ligg i Selje sentrum. Kontakt oss på telefon 57 88 58 00 for å avtale tidspunkt. Gjennomføring av prøva Dette er ein fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått må du ha 24 rette svar. Du vil få 60 minutt til å svare på prøva. Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen. Prisen for å ta prøva er 400 kroner kvar gong. Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøva. Prøva er på norsk, og det er ikkje høve til å ha med tolk. Du kan bruke norsk ordbok. Pensum Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter. Du kan kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv" - prøvar via Vinn.no Prøvebevis Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som er ein dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Ta godt vare på dette. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Lover og forskrifter Alkohollova Alkoholforskrifta Publisert 05.05.2020 09.20 Sist endra 05.05.2020 09.20