Arealplanar

Stad kommune sine overordna arealplanar og reguleringsplanar er førande for kva arealet i kommunen kan nyttast til. 

Planstatus

For å finne ut kva som er planstatus for din eigedom, kan du gå inn på kartløysinga vår Stadinnbyggar.

Overordna arealplanar

Stad kommune består av tidlegare Eid kommune og Selje kommune, i tillegg til Bryggja skulekrins i tidlegare Vågsøy kommune. Fram til ny samla arealdel for Stad kommune er vedteken, er det kommuneplanane for dei tre 'delane' av den nye kommunen som gjeld. I tillegg har vi ein kommunedelplan for Hornindalsvassdraget og og ein for sjøareala i heile Stad kommune, vedteke i 2022. Planane er lenka til nedanfor.

Reguleringsplanar

Reguleringsplanar fastset korleis område kan brukast og kva som kan byggast der. 

Her finn du ei oversikt over reguleringsplanar i Stad kommune:

Reguleringsplanar Stad kommune