Overføring av areal

Ved arealoverføring kan du få overført areal mellom eigedomar som har felles grense. Arealoverføring vert nytta når arealet som skal overførast er større enn kva som er mogleg å overføre med ei grensejustering. Du må søke kommunen om delingsløyve.

 

Slik søker du

  1. Send nabovarsel    

Du kan bruke skjema for nabovarsel frå Direktoratet for byggkvalitet . Naboane skal ha kopi av søknaden og vedlegga du sender til kommunen.

Fristen for å kome med merknadar til nabovarselet må vere gått ut før du kan sende inn søknadsskjemaet til handsaming. Utfylt gjenpart av nabovarselet med kvittering skal leggast ved søknaden.

  1. Fyll ut og send inn søknadsskjema

Fyll ut søknad her

Send til post@stad.kommune.no eller Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Hugs at du må legge ved følgjande vedlegg:

  • Kart som viser kva areal som skal overførast og forslag til ny eigedomsgrense.
  • Utfylt gjenpart av nabovarsel med kvittering.

Kva skjer vidare

Etter at kommunen har gjeve løyve til arealoverføring, vert det halde oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser klarlagt og nye grenseliner påvist og merka. Dersom det er hefter på arealet som skal overførast, må desse slettast. Dei nye eigedomsgrensene vert ført i matrikkelen, saka vert tinglyst og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.

Gjeldande lovverk  

Matrikkellova:

Matrikkelforskrifta:

Plan- og bygningslova:

Jordlova:

Kontakt

Roar Sætre
Fagleiar Byggesak
E-post
Telefon 57 88 58 05
Mobil 48 88 71 48

Telefontid tysdag og torsdag 10.00 - 13.00