Planar og strategiar

Gjennom å utarbeide og vedta strategiske planar, set Stad kommune retning for utvikling av kommunen og kommunen sine tenester både på kort og lang sikt. Innbyggarar og andre aktørar blir invitert til å medverke i planarbeidet og sette mål for utviklinga. Kommunale planar er styrt av plan- og bygningslova sine reglar om høyring og offentleg ettersyn. 

Her finn du ei oversikt over plansystemet i Stad kommune, samt gjeldane planar:

Informasjon om planar i Stad kommune

Kommuneplanen

Kommuneplanen er kommunen sin overordna styringsverktøy og inneheld to delar; ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen legg føringar for samfunnsutvikling og tenester, og Arealdelen fastsett arealutviklinga, vekst og vern i kommunen. Stad kommune har i 2020 utarbeidd ein samla sammfunnsdel for den nye kommunen. Arbeidet med den nye arealdelen tar til i løpet av 2021/2022.

Kommuneplan sin samfunnsdel pdf (brosjyre)

Kommuneplan sin arealdel

Planstrategi

Innan første året i kvar valperiode skal kommunestyret vedta ein kommunal planstrategi. Dette er ikkje ein plan, men eit verktøy for kommunen til å fastleggje og prioritere det vidare planarbeidet.

Føremålet med den kommunale planstrategien er å få ein samla oversikt og vurdering av kommunen sitt planbehov i kommunestyreperioden. Planstrategien kan i tillegg gje føringar for kommunen sitt plansystem og planressursar. Planstrategien skal omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringar, sektorane si verksemd og ei vurdering av kommunen sitt planbehov i perioden.

Planstrategi

Grunnlagsdokument planstrategi - Behov for nye planar i Stad kommune 

Grunnlagsdokument planstrategi - Forventningar til kommunen si planlegging

Kommunedelplan og temaplan

Ein temaplan er ein strategisk plan som omhandlar eit spesifikt tema eller fagområde. Nokre temaplanar vil vere sektorovergripande og gir føringar for heile organisasjonen, slik som for eksempel kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk. Andre temaplanar gjeld for eit avgrensa tenesteområde eller fagområde. Temaplanar bør ha eit tilsvarande tidsperspektiv som kommuneplanen (minst 12 år). Revidering av den enkelte temaplan blir vurdert i forbindelse med planstrategien kvart fjerde år. Stad kommune brukar omgrepet temaplan om strategiske planar som ikkje vert behandla etter plan- og bygningslova.

Ein kommunedelplan er ein plan for bestemte område (areal), tema eller verksemdsområde. Innhaldet kan vere det same som i ein temaplan, skilnaden er då at kommunedelplanar er handsama etter reglane i plan- og bygningslova. Kommunedelplanar bør også ha eit tidsperpektiv på 12 år, som kommuneplanen.

Gjeldande planar 

Oppvekst og opplæring

Kommunedelplan Oppvekst

Helse og omsorg 

Eid kommunedelplan for helse og omsorg - 2018-2030

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2020-2024

Leve heile livet - handlingsplan

Kultur og samfunn

Lokal transportplan 2022-2034

Selje kommunedelplan for kulturarv - 2019-2029

Eid kommunedelplan for kulturarv - 2017-2029

Kulturplan

Frivilligpolitisk plattform (PDF, 2 MB)

Strategi for stadutvikling

Strategi for reiseliv

Næringsstrategi

Bustadpolitisk handlingsplan 

Plan for friluftslivet sine ferdselsårer

Planar for vatn og avløp:

Temaplan avløp 2023-2034

Temaplan overvatn 2023-2034

Temaplan vassforsyning 2023-2034

Planar under arbeid

Kommunedelplan for helse og omsorg

Strategisk plan for Nordfjordeid sentrum

Kommunedelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

Reguleringsplanar

Reguleringsplanar fastsett korleis område kan brukast og kva som kan byggast der. 

Her finn du ei oversikt over reguleringsplanar i Stad kommune:

Reguleringsplanar

Stadanalyser og rapportar

Rapportar frå arbeid med stadutvikling 2018

Stadanalyser 2019/2020