Haugen skule

Haugen skule er ein 1. - 7. skule lokalisert på Haugen, 5 kilometer vest for Nordfjordeid sentrum.

På Haugen skule ønskjer vi at alle – både små og store – skal trivast og kjenne seg trygge. Trivsel er grunnlaget for læring, og vi veit at når elevane har det godt, lærer dei best.

Å gå på skule og vere ein del av eit fellesskap skal vere kjekt, spanande og lærerikt – og av og til litt utfordrande. Derfor har vi fokus på å vere inkluderande, omsorgsfulle, kjekke og respektfulle mot kvarandre.

Eit godt samarbeid mellom heim og skule er avgjerande for trivsel, utvikling og læring. Du som føresett kjenner barnet ditt best, og i god dialog med deg kan vi på Haugen skule best tilpasse og legge til rette for at barnet ditt skal ha det bra.
Barnet sitt beste står alltid i sentrum for arbeidet vårt.
Vi ser fram til eit nytt år der elevar, føresette og tilsette saman skaper eit skulemiljø prega av trivsel, læring, utvikling og godt samarbeid.

Vår visjon! 
- Haugen skule – ein god stad å vere – ein god stad å lære!

Haugen skule skal vere ein inkluderande skule der alle opplever aksept, tryggleik og læringslyst.
 Vi ønskjer at Haugen skule skal vere ein god stad å vere og å lære – for alle. Ingen er like, og nettopp det er ein styrke. Vi skal møte kvarandre med respekt og aksept for den kvar enkelt er.

Alle skal kjenne seg trygge, og ingen skal oppleve å bli plaga eller krenka.
Når vi trivst og har det godt saman, veks både inspirasjonen og lysta til å lære.

Kontakt

Vivian Frøynes Melheim
Rektor/styrar
E-post
Mobil 47 27 14 00

Adresse

Rv15 46, 6770 Nordfjordeid, Norway
 

    Følg oss på Facebook