Plan for trygt og godt skulemiljøAlle elevar rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande. Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skulen Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra. Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltidgripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er moglegseie frå til rektor Rektor har ansvar for å undersøkje det som har skjedd og for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skulen. Dette blir kalla skulen si aktivitetsplikt.Kva dersom ein elev blir mobba av ein tilsett på skulen?Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenkt av ein lærar eller andre som jobbar på skulen, har skulen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Rektor skal då varsle skuleeigaren, som vil følgje opp saka vidare.Melde saka til Statsforvaltaren i VestlandDersom du eller barnet ditt meiner at skulen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan du melde saka til Statsforvaltaren.Først må du ha teke opp saka med rektor på skulenDet må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektorSaka må gjelde skulemiljøet på den skulen eleven går på noEr det heilt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Statsforvaltaren.Ein trygg skuledag utan mobbing | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)Mobbeombodet i Vestland Publisert 30.10.2019 19.16 Sist endra 20.11.2024 13.33