Har du fått varsel om branntilsyn?

Vi er etter «Forskrift om brannforebygging § 17», plikta til å feie og å føre tilsyn med ditt fyringsanlegg (eldstad og røykkanal) etter behov. 

Når vi kjem på branntilsyn i til deg så ser vi på den generelle branntryggleiken med spesielt fokus på skorstein og eldstader der du som eigar har plikter jf.  § 6.

Dette bør du vite om før vi kjem:

  • Du som huseigar eller person med tilknyting til bustaden må vere tilstades når vi kjem
  • Å føre tilsyn inngår i feie og tilsynsavgifta og vert vanlegvis utført av feiaren i kommunen
  • I etterkant av tilsynet får du tilsendt ein rapport. Rapporten finn eigaren i Min Eigedom
  • Brannvesenet avgjer kor ofte vi kjem på tilsyn

 

Ønskjer du meir informasjon

Kontakt

Rune Høydal
Feiar
E-post
Mobil 97 52 88 87
Øyvind Bakke
Feiar
E-post
Mobil 90 36 14 61