100 med kompetanse på velferdsteknologiOnsdag 28. mai avslutta Stad kommune tredje runde med kursløpet Velferdsteknologiens ABC. Rundt 100 tilsette frå Stad kommune har gjennomført ABC`en dei siste tre åra!Deltakarane har fått innblikk og kunnskap om kartlegging av brukarbehov, innovasjon, lovverk, etikk, beredskap, evaluering, interne rutiner og kontaktpersonar. Ikkje minst har dei tilsette delt erfaringar på tvers av gruppene som har gått over eit halvt år. Kompetanseheving på bruk av velferdsteknologi er ein del av den langsiktige strategiske satsinga innan for helse- og omsorg. Sidan oppstart i desember 2024 har deltakarane vore gjennom eit innhaldsrikt og lærerikt løp.Målet med velferdsteknologi (helseteknologi) er å gi personar med hjelpebehov betre livskvalitet, auka tryggleik og større moglegheit til å klare seg på eiga hand, samtidig som helse- og omsorgstenestene blir meir effektive og tilgjengelege.I samarbeid med kommunane er det Inviro som i denne omgang har hatt ansvar for kursopplegg og gjennomføring av Velferdsteknologiens ABC for alle kommunane i Nordfjord. Eit titals kursdeltakarar frå Stad og Kinn kommune deltok på kurset 30. mai.Tilsette i Bu- og miljøtenesta i ytre del av Stad kommune.Tilsette i Bu- og miljøtenesta i indre del av Stad kommune.Tilsette frå heimetenesta, institusjon, eigedom og IKT.Infomateriell og eit utval hjelpemiddel innanfor velferdsteknologi (helseteknologi). Publisert 02.06.2025 11.38 Sist endra 02.06.2025 12.48