2G-nettet blir stengd ned frå august – sjekk utstyret ditt no

Har du ein eldre mobiltelefon, tryggleiksalarm eller ein annan eining som kun brukar 2G? 
Frå august 2025 stenger Telia 2G-nettet sitt, mens Telenor følgjer etter 31.12 2027.

Når dette skjer vil alle einingar som er avhengige av 2G slutte å fungere.

Dette gjeld både:

  • Privatpersoner
  • Bedrifter
  • Kommunar og organisasjonar
  • Leverandørar av teknologi og tenester
     

Inkluderer einingar som blant anna:

  • Eldre mobiltelefonar utan støtte for 4G eller 5G
  • Alarmsystem og tryggleiksalarmar
  • Heisalarmar
  • eCall-nødssystem i bilar
  • Sensorar
     

Sjekk derfor utstyret ditt no og bytt til einingar som støttar 4G eller 5G.

Kva betyr dette for deg?

Når 2G-nettet blir stengd ned vil mobiltelefonar og andre tilkobla einingar som kun fungerer via 2G slutte å fungere.

3G-nettet er allereie sløkt, og stenginga av 2G-nettet er planlagt utført:

  • Telia: Startar nedstengning i august 2025
  • Telenor: Stenger 2G-nettet etter 31. desember 2027
     

Sjå den enkelte operatør si nettside for meir informasjon: Telia Privat | Telenor Privat | Telia Bedrift | Telenor Bedrift. Stenginga inneber at eldre mobiltelefonar, modem og andre einingar som ikkje støttar 4G eller 5G må byttast ut. Som privatperson, bedrift, kommune eller leverandør må du derfor:

  • Sjekke utstyret ditt no
  • Bytte ut einingar som kun støttar 2G
  • Kontakte din operatør eller leverandør for råd
     

Les meir om saka på nettsida Bytt nett nå.