Bondens nettverk NordfjordBondens nettverk er eit støtteapparat og ein systematisk arbeidsmetode for å førebygge psykisk uhelse i landbruket og fungere som tryggleiksnett for bønder i krise eller krevjande situasjonar.Det fungerar også som eit verdifullt hjelpemiddel for rådgjevarar og andre som arbeider med slike saker. Med dette verktøyet kan ein lettare identifisere bønder som treng hjelp, og i større grad gi rett hjelp i tide for å forhindre at situasjonen blir verre. Nettverket er etablert i samarbeid med dei lokale faglaga og organisasjonane i og rundt næringa. Du kan lese meir om Bondens nettverk og sjå kontaktinformasjon her. Dei som er med i ressursgruppa er frå venstre: Inge Kjell Lindvik (Landbrukstenester Nordfjord), Trine Alme (landbrukskontoret), Hilde-Caroline Roset (Vest landbrukstenester), Eirin Ryssdal (Gloppen bondelag), Trude Iren Saure (Norsk Landbruksrådgiving) og Bjørn Aardal (Nortura) Publisert 12.10.2026 10.27 Sist endra 12.10.2026 10.27