Brenning av avfall

Lurar du på kva slags brenning som er lovleg, kva som er ulovleg og kva det må søkast om? Vi ber dei som skal brenne i vinter om å setje seg inni reglane som gjeld i Stad kommune.

Brenning av avfall er forbode

Kommunen kan i svært få tilfelle gje dispensasjon for brenning av avfall, fordi brenning primært ikkje skal fungere som ein metode for å kvitte seg med avfall. Open brenning av næringsavfall er alltid forbode dersom det ikkje ligg føre eit spesifikk løyve etter forureiningslova. Det same gjeld forbrenning av næringsavfall i småomnar.

Leverer du avfallet ditt til gjenvinning, bidreg du til at helse- og miljøskadelege stoff blir tekne hand om, slik at dei ikkje lek ut i naturen og skadar dyr, menneske og miljø.  Alt som blir kjeldesortert, blir gjenvunne, og råvarene som kjem ut av prosessen, blir brukte på nytt slik at vi reduserer bruken av ikkje-fornybare ressursar.  Avfallet ditt har stor verdi! 

Med avfall meiner vi for eksempel byggjeavfall, rivingsavfall, restavfall og næringsavfall. Impregnerte eller måla materialar, dekk, tekstilar, møblar, madrassar og båtar inneheld svært skadelege stoff som kan føre til alvorlege konsekvensar for både helse og miljø dersom dei blir brende. Det er ikkje tillate å brenne avfall, sjølv om bålet er meldt inn til brannvesenet/kommmunen. Det er berre tillate å tenne bål med reint trevirke.

Kan eg brenne hageavfall? 

Brenning av små mengder tørt hageavfall er lovleg. Med små mengder hageavfall meinast hageavfall tilsvarande ei enkelt hagerydding frå ei hushaldning. Mengda bør ikkje overskride det som svarar til eitt tilhengarlass. Brenning av hageavfall bør så langt det er mogleg unngåast. Hageavfall bør primært komposterast på eigen eigedom eller leverast til kommunen sitt avfallsdeponi.

Kan eg brenne bål?

Mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjere opp eld nær skog og i all anna utmark. Då er faren for å forårsake gras- og skogbrannar større enn elles i året. Det er likevel lov å gjere opp eld der det absolutt ikkje kan medføre brann.

I perioden 16. september til 14. april er faren for å forårsake gras- og skogbrannar normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjere opp turbål brukt i tradisjonelt friluftsliv. Den som tenner bålet står ansvarleg for dei vurderingane som vert gjort.  Les meir om bålbrenning her
 

 Les på kommunen si heimeside så får du ei full oversikt over gjeldande regelverk.