Gratis trening for gravideEr du gravid og ønsker å vere aktiv? Vinteren 2025 kan du delta på 6 vekers gratis yoga-trening.Yoga og avspenningTreninga vil hjelpe deg som er gravid med å ta vare på kropp og sinn under svangerskapet, førebu deg på fødsel og skape eit fellesskap for gravide. Kurset er relevant å delta på i alle tre trimester av svangerskapet.Kom som du er - ingen krav til forkunnskaper.○ Treninga blir arrangert av yogalærar Marte Sofie Søreide og jordmor Heidi Fortun○ Når: Treninga går over 6 måndagar frå 27. januar til 3. mars, kl. 19.30 - 20.45 ○ Kvar: Eidahallen (i speilsalen, inngang aust), Nordfjordeid ○ Påmelding: For å vere med må du melde deg på til marte.s.soreide@gmail.com.Ta gjerne kontakt på e-post om du lurar på noko.Visste du at fysisk aktivitet under svangerskapet kan bidra til mindre bekkenplager og redusere komplikasjonar under svangerskap og fødsel?Kurset er gratis og finansiert gjennom kommunale prosjektmidlar frå Stad kommune. Publisert 07.01.2025 10.09 Sist endra 07.01.2025 10.35