Høyring - Revisjon av lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

Samfunnsutvalet gjorde i møte 29. april 2025, sak 25/037 vedtak om å legge ut revidert forskrift til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel til lovendringa er 23. juni 2025.

Stad kommune si forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar har vore gjeldande sidan 01.12.2020. Formålet med forskrifta er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

Kommunen som ureiningsmynde ser at det er behov for ein revisjon av forskrifta for å presisere endå tydlegare kva som er lovleg å brenne og ikkje, kva som er meldepliktig og kva som er søknadspliktig. Kommunen håpar dermed å redusere den ulovlege brenninga, til dømes brenning av avfall. Ei presisering av formuleringane i forskrifta vil også gjere det enklare å handheve regelverket på ein fornuftig måte gjennom kommunen si forvaltning.

Gloppen og Stryn kommune ser eit tilsvarande behov for revidering av sine lokale forskrifter, og revisjonsarbeidet har vore eit samarbeid mellom dei tre kommunane. Målet med samarbeidet har vore å samkøyre seg slik at reglane og handhevinga av regelverket blir relativt likt på tvers av kommunegrensene.

Korleis komme med innspel til høyringa?

For å gje innspel, bruk elektronisk innspelsskjema som du finn under Sjå og gje innspel til saker på høyring, via sikker digital post eller per post (merk med referansenummer 25/2098, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid).