Invitasjon til drop-in vigsel på Stad rådhus

Drøymer du om å gifte deg utan stress og store planar?

På jonsok, 23. juni 2025, inviterer ordførar Judith Kvåle til drop-in vigsel på Stad rådhus frå kl. 12-17.00.

Det einaste brudeparet treng (må) ta med er legitimasjon og prøvingsattest frå Skatteetaten. Alle skjema finn de her: Ekteskap i Norge - Skatteetaten

Det vert mogleg å ta med gjestar til seremonien. Om ein ikkje har med gjestar, forlovarar eller to andre vitne, stiller kommunen med vitne.

Ta gjerne ta kontakt på førehand om de ønskjer. E-post: post@stad.kommune.no

Velkomen til ein enkel og fin seremoni på Stad rådhus!

Portrett av ordførar  - Klikk for stort bilete