Kjære førsteklassing, velkomen til første skuledag!

Helsing frå fungerande ordførar i Stad kommune, Judith Kvåle.

Å byrje i førsteklasse er ein stor dag for det einskilde barnet, for foreldre/føresette, lærarar og alle andre i laget rundt kvar einskild. Kanskje hugsar vi sjølve korleis denne dagen var med tankar og forventnigar – kanskje bekymring, og i verste fall frykt. Kanskje hugsar vi som foreldre, korleis det var å sende vår eigen førsteklassing avgårde, og bekymre oss fordi vi ikkje kunne vere med på mykje av den ferda barnet vårt tok eit steg inn i. Kanskje sit nokon no og håpar inderleg at dei viktige vaksne i skulen skal sjå akkurat ditt barn for det fantastiske mennesket det er. Det er eit stort og viktig oppdrag Stad kommune, gjennom skulane og kvar enkelt lærar og yrkesutøvar i skuleverket, tek på seg. Saman skal vi forvalte det godt. Barn, foreldre/føresette og skulen i samarbeid.

Vi må syte for at den iveren, læreviljen og gleden borna kjem med vert forvalta og modna. Vi må syte for at det skal vere rom for ulike reaksjonsmønster og vi må syte for å forstå kva barnet freistar å formidle – med ord, handling og kjensler. Målet er ikkje å lage like barn, men å gje kvar enkelt høve til å bli ein god versjon av seg sjølv.

Kjære førsteklassing. I åra som kjem vil du kjenne på gleder, utfordringar, fellesskap, men også kanskje kjenne deg einsam til tider. Det er vanleg. Vi har alle gjennom livet følt oss lite sett, høyrt og forstått, men saman skal vi finne ut korleis du som menneske skal få formidla behova dine – det som skal til for å vekse.

Kjære fellesskap! Vi har alle eit ansvar for å gjere både denne dagen, og alle skuledagar til gode dagar for barna våre. Ikkje berre mitt eller ditt, men alle. Kjære foreldre; opn opp heimen din for omgangskretsen til barnet ditt. Ver raus og inkluderande - også for dei som ikkje krev sin plass like mykje. Og ver raus mot dei som kanskje verkar å kreve litt vel mykje. Ulike barn treng ulike ting, men alle treng kjærleik, aksept og anerkjenning.

Velkomne kjære barn, til eit nytt eventyr som du skal vere med å skrive.