Kunngjering av planvedtak - Mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for SeljeStad kommunestyre vedtok mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for Selje i møte 24. oktober 2024.KS - 24/140 Vedtak:I medhald av Plan og bygningslova §§ 11-17 og 11-15 blir forslag til mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for Selje med plan-ID 4649_1441201701 vedteken. Samstundes blir del av reguleringsplan for Gorgenesvika plan-ID 1441200101 oppheva i medhald av Plan og bygningslova §§ 12-14 og 12-12.Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere redaksjonelle endringar før kunngjering av vedtak. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.SaksdokumentPlandokumenta og saksutgreiinga med påført vedtak er tilgjengeleg her:Mindre endring av kommuneplanen sin arealdel for SeljeDersom de ønsker utskrift av ett eller fleire av dokumenta, kan de kontakte Stad kommune på tlf. 578 85 800.Eventuell klage Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. pbl. § 12-12 og forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage må merkast med sak «23/4022», og sendast skriftleg via sikker digital post, per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Klage på planvedtak vil bli handsama av kommunestyret og deretter sendt over til Statsforvaltaren i Vestland, som er rette klageinstans.Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova § 29. Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket. Publisert 29.10.2024 13.59 Sist endra 31.10.2024 13.17