Nedjustert farevarsel for jord-, sørpeskred og snøskred

NVE og Meteorologisk institutt har nedjustert farevarsel for jord-, sørpe-, flomskred frå oransje til gult nivå. Snøskredvarsel er justert ned til oransje nivå.

Stad kommune følgjer situasjonen for farevarsel tett og gjennomfører operative samordningsmøte ved behov.  
Tenesteeiningane er i beredskap og gjer rutinemessige førebuingar for situasjonar som kan oppstå som følgje av farevarsel.

Vakttelefon

Skulle det oppstå situasjonar kan Stad kommune/Kommunalteknikk nås på følgjande vakttelefonar:

Område ytre: tlf. 901 23 222
Område indre/midtre: tlf. 959 49 012
Døgnopne vakttelefonar Stad kommune

Stengde vegar

Fv. 5744 Navelsakerstranda, Furefjerding - Navelsaker. Ny vurdering 14.1 kl 12.00.

Følg med på Trafikkmeldingar frå Statens vegvesen