Områderegulering for Selje sentrum - kunngjering av planvedtak

Stad kommunestyre vedtok områderegulering for Selje sentrum i møte 28. mai 2025, sak KS-25/097.

Vedtak KS-25/097: 

I medhald av Plan og bygningslova § 12-12 vert områdeplan for Selje sentrum med planID 2020002 vedteken. 

Vedtaket av ny områdeplan for Selje sentrum, opphevar følgjande planar: 

Vedtaket av områdeplan for Selje sentrum, opphevar delar av:

Kommunedirektøren får fullmakt til å gjere redaksjonelle endringar av plandokumenta før plansaka vert kunngjort. 

Etter vedtak er tabellane i vedtaket oppdatert, sidan planar med planID 1441198401, 1441199101 og 1441199501 ved ein feil var oppført i tabellen over planar som skal opphevast. Desse planane vert berre delvis oppheva av planvedtaket for ny områdeplan, og er difor flytta til tabell for «Planar der deler vert oppheva». Sjå planomtale s. 13. 

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved brev.  Planvedtaket blir kunngjort i Fjordabladet og Fjordenes Tidende. 

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Saksdokument

Plandokumenta med alle vedlegg er tilgjengeleg på følgjande lenker:

Eventuell klage

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. plan- og bygningslova §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslova kapittel VI. 

Fristen for å klage på vedtaket er tre veker frå det tidspunktet melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova § 29, og er sett til 27.06.2025.

Ei eventuell klage må merkast med sak «20/1035», og sendast skriftleg via sikker digital post, per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere partar som saka får direkte konsekvensar for og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket.

Erstatning/innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3, må fremjast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.