Oppsummering av ope folkemøte 9. januar 2025

9. januar 2025 inviterte Stad kommune til eit ope møte på rådhuset der vi informerte om strategisk plan for Nordfjordeid. 

Stad kommune presenterte strategidokumentet: 

  1. Den første delen handlar om formål og oppbygging av planen, mål og visjon, og tematiske innsatsområde.
  2. Vidare vart dei funksjonelle delområda samt arealstrategiane presentert.
  3. Avslutningsvis informerte kommunen kunnskapsgrunnlaget til strategidokumentet som mellom anna fortettings- og handelsanalysen som vart gjennomført av Norconsult. 

Presentasjon frå møtet (PDF, 5 MB)

Oppsummering av drøfting og innspel

Vegen vidare


Når høyringsfasen er gjennomført vil administrasjonen gå gjennom merknadane og legge fram oppdatert dokument til endeleg vedtak i kommunestyret. Strategien vil vere eit viktig styringsdokument og legg føringar for vidareutvikling av Nordfjordeid. Oppfølging av strategidokumentet skjer gjennom framtidige arealplanar og investerings- og utviklingsprosjekt.