Refleksdagen 16. oktober - hugs refleks!

Førstkomande torsdag markerer vi den nasjonale refleksdagen saman med resten av landet! 

Stad kommune er Trafikksikker kommune. - Vi vil at du skal bli sett - også når det er mørkt. Saman med Trygg Trafikk oppmodar vi alle til å bruke anledninga til å leite fram refleksane og ta dei i bruk.

 - Mørket har for alvor sneke seg på oss, og det er på tide å finne fram refleksane igjen. Dei aller fleste har mange refleksar liggjande i skuffer og skap, og refleksdagen er ein ypperleg anledning til å engasjere heile heimen til å leite dei fram! Ikkje la refleksen støve ned, men sørg for at heile familien har refleksane tilgjengeleg når de faktisk har bruk for dei, seier Kristin Otneim Aarsnes, leiar for eininga Strategi og samordning i Stad kommune.

Vis at du tek ansvar – og bli samtidig med i den nasjonale reflekskonkurransen og trekninga av eit kunstverk signert Max Dørje (16), årets refleksdesigner! Ved å delta bidrar du til å gjere mørketida litt tryggare og lysare for alle trafikantar! 

Her kan du få tak i årets refleks og andre kule refleksar frå Trygg Trafikk.

  • Trygg trafikk sine beste reflekstips:

    1. Fest refleks på alle jakker og sekkar/bagar
    2. Legg refleksband i skoa
    3. Bruk refleks som bevegar seg når du går, då er du best synleg
    4. Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar

    Heng refleksen i knehøgde eller bruk slapwrap på bein!

    God haust og trygg ferdsel!