Stad kommune er heidra med nominasjon til Årets Lærebedrift i Nordfjord!Nordfjordkompaniet har nominert oss for vårt gode arbeid med lærlingar, og vi er stolte av denne anerkjenninga.Nominasjonen er eit resultat av det sterke samarbeidet mellom kommunen og Nordfjordkompaniet, samt det viktige arbeidet som blir gjort i tenestene våre. Gjennom tett oppfølging og gode læringsmoglegheiter har vi skapt ein læringsarena der dei får utvikle seg både fagleg og personleg.Vi er takksame for alle som er med på å skape eit godt og utviklande arbeidsmiljø for superlærlingane våre.Vinnaren av Årets Lærebedrift vert trekt på Nordfjordtreffet i påska, den 15. april i Nordfjordhallen.Nordfjordtreffet er Nordfjords største nettverks- og rekrutteringsmesse, og er gratis for gjestar.Les meir om arrangementet her. De kan lese den fine vurderinga for nominasjonen her: Nominasjon av årets lærebedrift_Stad Kommune.pdf (PDF, 288 kB). Publisert 18.03.2025 09.47 Sist endra 18.03.2025 09.55