Kunngjering av planvedtak - Detaljregulering for skredsikring av E39 SkredestrandaStad kommunestyre vedtok detaljregulering for skredsikring E39 Skredestranda i møte 12. september 2024 .KS-24/129 Vedtak:Detaljregulering for skredsikring av E39 Skredestranda (plan-ID 2022004) vert vedteken med heimel i plan- og bygningslova § 12-12.Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.SaksdokumentPlandokumenta og saksutgreiing med påført vedtak er tilgjengeleg her:Detaljregulering for skredsikring av E39 SkredestrandaDersom de ønsker utskrift av eitt eller fleire av dokumenta, kan de kontakte Stad kommune på tlf. 578 85 800.Eventuell klage Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf. pbl. § 12-12 og forvaltningslova kapittel VI. Ei eventuell klage må merkast med sak «22/244», og sendast skriftleg via sikker digital post, per e-post til post@stad.kommune.no eller per post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Klage på planvedtak vil bli handsama av kommunestyret og deretter sendt over til Statsforvaltaren i Vestland, som er rette klageinstans.Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet melding om vedtaket er kome fram til vedkomande part, jf. forvaltningslova § 29. Etter at klagefristen er ute vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klager på vedtaket. Publisert 20.09.2024 08.42 Sist endra 20.09.2024 09.06