Offentleg ettersyn - forslag til planprogram for kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet i Stad kommune

Stad formannskap har vedtatt oppstart av arbeidet med kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet og å legge ut forslag til planprogram til offentleg ettersyn. Frist for uttale er 15. august 2020.

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet dannar rammene for den lokale idrettspolitikken, både for organiserte og eigenorganiserte aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv. Kommunedelplanen som no skal utarbeidast blir det første politisk styringsverktyet for idretts- og friluftslivspolitikken i Stad kommune. Planen vil danne grunnlaget for prioriteringar både for arealbruk, søknads- og spelemiddelordningar og anleggsutvikling i ny kommune. Planprogrammet beskriver vegen fram mot endeleg kommunedelplan. Planarbeidet vil bli starta samtidig med varsel om oppstart.

Forslag til planprogram

I planprogrammet vert rammene for planarbeidet fastsett. Eit planprogram er eit eige arbeidsdokument, som ikkje må forvekslast med sjølve kommunedelplanen. I planprogrammet er det gjort nærare greie for bakgrunn, formål, korleis ein tenkjer å legge til rette for medverknad i planprosessen, korleis planarbeidet skal organiserast og kva framdriftsplan ein legg opp til.

Forslag til planprogram.

Stad formannskap sitt vedtak om oppstart og offentleg ettersyn av planprogram, 11. juni 2020.

 

Sei di meining innan 15. august

Vi ønsker innspel til planarbeidet og innspel til planprogrammet. 

Send skriftleg innspel via elektronisk innspelsskjema, e-post til post@stad.kommune.no eller via post til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid innan 15. august 2020. Merk med: «Innspel til forslag til planprogram kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet».

 

Kven kan uttale seg – og om kva?

Alle interesserte kan uttale seg – både privatpersonar, frivillige lag og organisasjonar, interesseorganisasjonar, næringsliv og formelle høyringsinstansar. 

Vi ønsker synspunkt på kva som er viktig å ta med i planarbeidet og om forslaget til planprogram fangar det som er viktig å prioritere i denne planprosessen.


Vidare handsaming

Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler bli samanfatta og vurdert før planprogrammet for kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet vert lagt fram for endeleg behandling. Det er lagt opp til vedtak av planprogrammet i september 2020. 

Arbeidet med sjølve planen vil halde fram til neste år. Det er lagt opp til vedtak av kommunedelplanen i februar 2020.