Utvikling og omstilling i Stad kommuneVi skal utvikle kommunen vår vidare og skape gode kvardagsliv for innbyggarane våre. For å få til dette må vi endre på måten vi driftar kommunen.På denne sida kan du følgje med på korleis vi jobbar for å skape ein varig og sunn driftsøkonomi for Stad kommune, kva tiltak vi gjer og kva det betyr for deg som er innbyggjar i kommunen.Om omstillingaProsjektPolitiske sakerAktuelt og infoKva er Robek?Budsjett 2026Kvifor må vi omstille oss til ei ny tid?Svært mange norske kommunar opplever å stå i ein krevjande økonomisk situasjon. Her kan du lese årsakene til dette.- Stad kommune må fortsette å jobbe med blikket langt fram! Ein krevjande økonomi betyr ikkje at utviklingsprosessar stoppar opp. Vi skal fortsett arbeidet med å omstille tenestene våre og bidra til samfunnsutvikling, slik at vi kan møte både innbyggjarane og samfunnet sitt behov i framtida. - Situasjonen kommunen står i betyr berre at endringane kjem raskare. Våre medarbeidarar gjer sitt ytterste i ein krevjande situasjon, og vi oppmodar til forståing og raushet overfor dei du møter i tenestene. På denne sida finn du informasjon om korleis vi skal jobbe for å tilpasse oss den nye situasjonen og sikre ei god og berekraftig framtid for kommunen. Kristine Dahl, kommunedirektør Arbeidet med omstilling vil fortsette under heile perioden for økonomiplanen 2026-2029. Sida vil bli oppdatert fortløpande med informasjon om arbeidet. Arbeidet med omstillingsprogrammet vil pågå frå januar 2025 til 2029. Sida vil bli oppdatert fortløpande med informasjon om arbeidet. Publisert 08.01.2025 16.09 Sist endra 15.12.2025 11.06