Lokal transport for ungdom (LTU)

“LTU - Taxi" til ein ungdomsklubb ein "stad i Stad".

LTU –taxi er ungdomstransport som gjeld til og frå ungdomsklubbar i Stad kommune.

Eigenandelen er kr. 30,- per person per veg (60 kr t/r). 
Tilbodet gjeld for ungdom i Stad kommune mellom 13-19 år som har meir enn 2 km til ungdomsklubben.

Slik er ordninga 

Leiar/ansvarlege i ungdomsklubben er den som gjer bestillinga av skyssen, både til og frå (t/r).
Obs! Nokre ungdomsklubbar har kun tilbod om retur heim frå klubben. 

Treng du skyss til ungdomsklubben du vil på, er det lurt å ta kontakt med ungdomsklubben så tidlig som mogeleg og seinast kl. 17.00 same dag. 
For møteplassen i Eidsgata må ein ta kontakt seinast kl. 16.00 same dag.

Ein kan i teorien velge i dei ulike ungdomsklubbane som har LTU -avtale i Stad kommune, men nokon gongar kan det vere plassmangel og/eller for lite vakter som gjer at ungdomsklubben må seie nei til besøkande frå andre bygder. 
Ungdomsklubbleiar vil kunne gje deg svar på dette når du tek kontakt.

Ungdomsklubbar i Stad kommune med “LTU - løyve”:

  • Blikken og Fila Ung på Stadlandet
  • Nattkafe i Selje og på Eid
  • Gymmen på Eid 
  • Møteplassen i Eidsgata. 


På Stad foreningsportal finn du oversikt og kontaktinformasjon til ungdomsklubbane i Stad kommune. 

Infoplakat, pdf for print (PDF, 273 kB) 

Driv du ungdomsklubb og ønskjer ei LTU-avtale? 

Her finn du informasjon om LTU-kriteria for ungdomsklubbar og transportordningar. 

Bakgrunn for LTU-ordninga i Stad kommune: 
Kvart år søkjer Ungdomsrådet og LTU - sakshandsamar i Stad kommune om midlar til lokale transporttilbod for ungdom (LTU) frå Vestland fylkeskommune. Tilbodet er primært retta mot ungdommar mellom 13 og 19 år og skal leggje til rette for deltaking på fritidsaktivitetar og ungdomsarrangement, ettermiddag/kveld.  
 

Transportstøtte til ungdomsarrangement

Stad kommune har også ei lokal søknadsordning du kan søkje på.