Stårheim bustadfelt

Stårheim bustadfelt ligg på Stårheim vest for Nordfjordeid, berre 15 minutt frå sentrum. Her kan du få realisert boligdraumen med ein gunstig tomtepris. Tomtene har gode solforhold med utsikt over fjorden og fjella. Bustadfeltet ligg rett ved skule, barnehage og kort veg til fotballbane, badeplassar og turstiar i nærområdet.

Tomter og tomtepris

Stårheim bustadfelt og Torvik bustadfelt ligg i same område aust for Stårheim sentrum. 

Bygda

Stårheim er ei solfylt og vakker fruktbygd på nordsida av Eidsfjorden. Omkransa av fjell og fjord har bygda eit rikt aktivitetstilbod og er ein trygg stad å vekse opp.

På Stårheim har vi skule med SFO, barnehage med to avdelingar, vakker natur å boltre seg i, eit stort idrettslag og mange fritidstilbod for folk i alle aldrar.

Vi stårheimarar er glade i og stolte av bygda vår, og jobbar stadig for vekst og utvikling. Vi vil at fleire skal få oppleve denne flotte perla, som kan by på nydeleg natur både i fjell og ved fjorden.

Stårheim skule – ein trygg stad å lære

Stårheim skule har omlag 65 elevar, SFO-tilbod og eit splitter nytt leikeområde; Stårheimsparken. Etter skuletid er dette området er opent for alle som vil bruke det. Her kan foreldre setje seg ned med ein kopp kaffi medan ungane leikar. Skulen har også gymsal som blir brukt til treningar kvar kveld heile veka.

Stårheim barnehage – gode dagar

Barnehagen har 36 plassar fordelt på 2 avdelingar; Knerten og Humlebolet. Barnehagen har eit stort uteområde å boltre seg på og er flinke til å bruke resten av bygda på oppdagingsferd.

Fritidstilbod

Stårheim IL har eit rikt aktivitetstilbod og låg medlemskontingent. Her kan du vere med på blant anna friidrett, fotball, handball, fjelltrim, skiskyting og idrettsskule. Det meste av barneidretten er gratis dersom ein er medlem i idrettslaget.

Vi har barnekor for dei minste og Stårheim songlag for dei vaksne.

Freidig 4H er ein aktiv 4h-klubb og har nyleg laga naturmøteplass ved fjorden. Der kan du bade, fiske, padle i kano og kajakk.

Vi har også eit aktivt skulekorps som gir oss fin musikk ved ulike arrangement og tilbyr aspirantopplæring i skuletida.

Bygda har mange fjærer med fine stader å bade og fiske. I Ålund har 4H naturmøteplass med gapahuk som er tilgjengeleg for alle.

Vi har kyrkje, bedehus og lagshuset Fram. Her blir det arrangert ulike arrangement og skulen har elevbedrift som held kafé her fleire gongar i året.

3 minutt frå sentrum ligg Eventyrstallen. Her kan borna delta på riding,  stallklubb, ungdomsklubb og diverse arrangement i løpet av året. Her kan ein få møte mange ulike dyr og delta på open gard om sommaren.

Stårheim er omkransa av fjell og har mange flotte turstiar til både setrer og fjelltoppar. Dei fleste turane er godt merka og resten vil bli merka i løpet av året. Idrettslaget arrangerer fjelltrim, der du kan vere med i trekning av premie dersom du går mange nok turar. Dei har ei eiga facebookgruppe (Fjelltrimmen Stårheim) med info om alle turane. Ved Løysingvasshytta, på veg mot Blåfjellet, har bygda si eiga hytte ein kan nytte seg av.

Stårheim bensinstasjon (YX) har alt du skulle trenge ein søndag kveld, eit rikt utvalg i hurtigmat og fjordens beste softis.

Vil du vite meir om bygda?

Bli gjerne medlem av Stårheimsbygda på Facebook.

Informasjon om bygda Stårheim

Stårheimsbygda

Avstandar

Stårheim er meir sentralt enn du kanskje trur. Bygda ligg midt i Nordfjord og på rundt 12 minutt kjem du deg til  Nordfjordeid. Det tar om lag 15 minutt å køyre til Harpefossen skisenter og 45 min til Norges finaste sandstrand; Refviksanden.

Nordfjordeid: 15 minutt                  Ferje Stårheim – Isane til:

Volda:  60 minutt                               Kalvåg: 2 timar

Stryn:  50 minutt                                Grotle: 2 timar

Sandane:  45 minutt                          Rugsund: 45 minutt

Måløy:  35 minutt                               Berle: 60 minutt

Selje:  45 minutt                                 Florø: 2 timar

 

Velkomen til Stårheim!

Kontakt

Inger Lise H. Myrold
Førstekonsulent eigedom
E-post
Telefon 57 88 58 00
Mobil 40 02 20 81