Ung i Stad

Ein informasjonsplattform for deg som er ung i Stad!

På denne sida finn du oppdatert informasjon over alt som kan vere relevant for ungdom i Stad kommune.

Engasjer deg!

Lyst å påverke utviklinga i kommunen? Meiner du vi treng betre sykkelveger, stupetårn, ny volleyballbane, betre kollektiv transport eller ny ungdomsklubb? Eller ønskjer du å arrangere konsert, lage eit arrangement, bygge skaterampe eller lage film?

Du kan vere med å skape nye ting! Spør kommunen om hjelp til å starte ditt eget prosjekt.  

TIPS: 

Visste du at du kan søke om pengarstøtte frå FriFond? Frifond gjev pengar til dei under 26 som vil lage noko gøy der dei bur!

 

Ungdomsklubb

Gymmen ungdomsklubb

Gymmen ungdomsklubb er for deg som er 10.klassing og for deg som går 1., 2. eller 3. året på vidaregåande skule. Det er ungdommane sjølv som bestemmer kva aktivitetar det skal vere under ungdomskveldane i Gymmen.

OPEN kvar torsdag frå kl 18.30-23.

Sjekk ut aktivitetskalender for meir informasjon!

Meir info om ungdomsklubb i ytre kjem snart!

 

Trenger du nokon å snakke med?

Helsestasjon for ungdom 

HTU er eit gratis tilbod til ungdom mellom 13 og 20 år.  Du kan ringe eller stikke innom på torsdagar frå kl. 14.30-17.00. Helsestasjon for ungdom held til på Stad rådhus, Nordfjordeid

Skulehelsetenesta

På alle skular i Stad kommune jobbar det helsesjukepleiar som du kan prate med.

Ung.no

Ung.no er ein informasjonskanal for ungdom. Her finn du masse god informasjon om det du lurar på.

BTI (Betre tverrfagleg innsats)

BTI er eit team som jobbar for at dei som treng hjelp får hjelp.  Du skal alltid finne nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.

 

Transport

Reiseplanlegger Skyss

Skyss har ansvar for det offentlege tilbodet av buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Kollektivtransport i Stad kommune er i stor grad tilpassa skuletida og kan vere utfordrande å bruke i fritida ellers.

Lokale transportmidlar for ungdom - LTU

Arrangerer du eller nokre andre du veit om eit open ungdomsarrangement men transport av deltakarar er ei utfordring?LTU midlar kan nyttast til transport av ungdom til og frå ulike fritidsaktivitetar på ettermiddag og kveld. Midlane går til rusfrie og opne ungdomsarrangement innan i Stad kommune.  Du kan søk om kommunen om støtte.

Bestillingstransport Nordfjordeid og omegn

Sommar 2025 starter Skyss med eit nytt transporttilbod for Nordfjordeid og omegn. 

 

Frivilligheit

Å være frivillig betyr at man gjer ein innsats uten å få betalt for det. Frivilligheit er ein vinn vinn aktivitet. Du blir glad av å holde på med noko du sjølv likar og som gir deg meining. Samtidig gledar du andre og skaper ein betre kvardag der du bur! Å gjere frivillig arbeid bidreg til at folk er friskare, lykkeligare og meir aktive.

Mange av fritidstilboda i Stad kommune er starta opp og drivne av frivillige.  
Døme på slike aktivitetar er idrett, korps, kor, 4H, miljøagentar, speider, ungdomsklubbar, politiske ungdomsorganisasjonar.  

Bruk gjerne Stad foreiningsportal for å finne ein hobby eller noko du vil delta på i ditt nærområdet. Du finn også aktivitetstilbod på Ungfritid.no  og lokale oppdrag om du bil vere frivillig på Frivillig.no.

Ta gjerne  kontakt med Selje Frivilligsentral  eller Eid Frivilligsentral om du vil melde deg som frivillig eller vite meir om frivillig arbeid.  

 

Nyttige tips og lenkjer

BUA - gratis utlån av aktivitetsutstyr

BUA har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.

BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbødet. BUA har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro!

UKM - Ung kultur møtast

Kommunen arrangera ein årleg kulturfestival for born og unge i tillegg til ulike workshop og møteplassar igjennom året med kunst og kultur innhald.

Harpefossen - ski og meir

Skateløa - Kommalåven

Hjartestad - ting å gjere

Kino og operahus Nordfjord

Ut på tur

Har du innspel til fleire gode tips og gode råd?

Artikkelliste