Søknad om sal og midlertidig oppbevaringDen som ynskjer å selje fyrverkeri i tidsrommet 27. - 31. desember, må søkje om løyve til dette. Søknadsfristen for å søkje om sal og oppbevaring av fyrverkeri kategori 2 og 3 er 1. mai. NB! Søknader som kjem inn etter denne datoen, vil ikkje bli behandlaBrannvesenet krev ein fullstendig søknad kvart år. Søknader med store manglar vert ikkje behandla. Brannvesenet gjev løyve til midlertidig oppbevaring av fyrverkeri i mengder opp til og med 500 kg netto eksplosiv innhold (NEI). Frå 2025 må ein søkje digitalt. Ein må laste opp vedlegg i det digitale skjemaet, desse må vere i pdf- eller jpg- format. Vedlegga må fyllast ut på pc før du byrjar å fylje ut søknadsskjemaet. Sjå liste for krav til vedlegg: Firmaattest (ikkje eldre enn 1 år).Skisse over lagring og sal av pyrotekniske varer i di forretning, inkludert mål av avstandar. Sjå eksempel på skisse(PDF, 556 kB) (PDF, 556 kB)Oversikt/teikning av salsstaden, som synar bygninga, farlege varer, branntekniske installasjonar-/ vegginndelingar. Risikovurdering av sal av pyrotekniske varer frå di forretning. Sjå eksempel på risikovurdering(PDF, 103 kB) (DOCX, 17 kB)Handlingsplan ved sal av pyrotekniske varer frå di forretning. Sjå eksempel på handlingsplan(PDF, 105 kB) (DOCX, 17 kB)Rutinar ved retur av kjøpte varer. Sjå eksempel på rutine for retur(PDF, 62 kB) (DOCX, 15 kB)Kompetansebevisa til ansvarleg seljar (særskilt utpeika person) og eventuelle stadfortredarar.Grunneigars tillating. Lenke til søknadsskjema Publisert 23.01.2025 13.06 Sist endra 28.01.2025 14.22