Bakgrunnen for planarbeidet
Detaljregulering for Prestevika aust har som mål å legge til rette for nytt hovudreinseanlegg for Nordfjordeid og Eidsdalen. Dette skal erstatte dagens reinseanlegg som er nedslite, har dårleg reinseeffekt og dårleg teknisk tilstand. Samstundes vil det framover bli stilt strengare krav til reinsing frå tett busetnad, for å beskytte menneske og økosystem mot konsekvensane av forureining.
I reguleringsplanen skal det leggast vekt på å betre tilgangen for ålmenta, minimere arealbruk og det skal stillast høge krav til arkitektur- og stadtilpassa utforming.
Kommunen nyttar samstundes høvet til å fornye reguleringsplanen for småbåthamna i Prestevika, der reinseanlegget ligg i dag. Denne var vedteken i 1971 og har store manglar. Plannamnet, som ved oppstart av planarbeidet i 2023 var «Detaljregulering for Mel reinseanlegg», er med omsyn til dette endra til «Detaljregulering for Prestevika aust».
Litt om planprosessen som har vore
Temaplan for avløp vart godkjent av Stad kommunestyre i 2022. Her er nytt reinseanlegg for Nordfjordeid sett opp som eitt av dei viktigaste tiltaka. Oppstart av reguleringsplan vart på bakgrunn av dette varsla sommaren 2023.
På grunn av dei mange kritiske merknadane som kom inn til varsel om oppstart, vart arbeidet med reguleringsplanen sett på vent. Fram til våren 2024 vart det hovudsakleg arbeidd med ei vurdering av lokalisering av reinseanlegget, i tillegg til at det vart gjennomført grunnundersøkingar i Prestevika og andre stadar på Nordfjordeid. Saka om lokalisering vart handsama i Stad kommunestyre den 7. mars 2024, som vedtok at arbeidet med detaljregulering for eit nytt reinseanlegg på Mel skulle gjennomførast.
Arbeidet med detaljregulering, undersøkingar og utgreiingar i planområdet vart sett i gang i august 2024, og vert utført av eksterne fagkonsulentar.
På lenka under kan du lese meir om planarbeidet og finne orienteringar, rapportar med meir:
Nordfjordeid reinseanlegg
Vidare prosess
Det vert no arbeidd med eit planforslag som skal leggast fram for 1. handsaming i Stad formannskap. Formannskapet skal då avgjere om forslaget skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn. Etter høyring og offentleg ettersyn i minst seks veker vil planforslaget leggast fram for 2. handsaming i formannskapet. Til slutt er det Stad kommunestyre som skal ta stilling til om planen skal vedtakast.
Etter vedtak av plan vil det bli arbeidd vidare med eit teknisk forprosjekt for reinseanlegget og detaljprosjektering av tiltaket.
Ope informasjonsmøte 7. april
I samband med utarbeiding av planforslag ønskjer Stad kommune å invitere til eit ope informasjonsmøte. Det vil bli informert om arbeidet som har vore gjort, utkast til planforslag og høve til å stille spørsmål.
Meir informasjon om møtet finn du her:
Informasjonsmøte måndag 7. april kl. 17:30-19:30