Ny frisklivskoordinator i Stad kommuneRagnhild Ryssdal er tilsett i ei 40 % stilling ved Frisklivssentralen, og vil vere tilgjengeleg for innbyggjarane våre måndagar og onsdagar.Ragnhild er utdanna sjukepleiar og har ein bachelor i ernæring. Ho ser fram til å kome i gang i den nye rolla, og til å bli kjend med dei som ønskjer støtte til å betre helsa si.Frisklivssentralen er ei helsefremmande og førebyggjande kommunal helseteneste. Tilbodet varer i 12 veker og er gratis. Du kan sjølv ta kontakt med Frisklivssentralen, eller bli vist vidare gjennom fastlege, Nav, eller anna helsepersonell.Tilbodet passar for deg som ønskjer støtte til å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald, søvn eller andre helseutfordringar.Les meir om Frisklivssentralen og korleis du kan ta kontakt her:Frisklivssentralen i Stad kommuneFølg med på frisklivssentralen si Facebookside for mer informasjon om treningstimar, kurs o.l. https://www.facebook.com/frisklivssentralenstad/Velkomen til Frisklivssentralen – og til Ragnhild! Publisert 12.05.2025 11.10 Sist endra 12.05.2025 11.12