Nytt skjema for søknad om brenning Vi har oppdatert vår lokale forskrift om brenning. Formålet med revisjonen har hovudsakeleg vore å tydeleggjere eksisterande regelverk, så det ikkje skal vere tvil om kva som er lovleg og kva som er ulovleg. Les meir om regelverket på kommunen si heimeside:https://stad.kommune.no/tenester/teknikk-brann-og-miljo/brannvern-eldstad-og-feiing/open-brenning-og-brenning-av-avfall-i-smaomner/Kva har eg lov til å brenne?I Stad kommune er det lov å brenne reint trevirke, til dømes turbål (mellom 15. september og 15. april), små mengder tørt hageavfall, jonsokbål og bråtebrenning. Det er forbode å brenne avfall, til dømes bildekk, trykkimpregnert og malt trevirke og næringsavfall.Finn søknadssjema for bålbrenning her. Publisert 16.10.2025 10.19 Sist endra 16.10.2025 10.28