Offentleg høyring av forslag til Temaplan for klima 2025-2037

Stad formannskapet gjorde i møte 7. mars, F - 25/029 vedtak om legge ut framlegg til temaplan for klima 2025-2037 til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel til planforslaget er 27. april 2025.

Kvifor ein klimaplan?

Formålet med klimaplanen er å sikre ei heilskapleg og målretta oppfølging av kommunen sitt klimaarbeid, og å støtte opp under og konkretisere oppfølginga av nasjonale, regionale og lokale mål og føringar. Temaplan for klima gir føringar for klimapolitikken i Stad kommune og korleis vi ønskjer å utvikle kommunen som samfunn og organisasjon mot ei klima- og naturvenleg framtid og førebu oss på eit klima i endring.

Kvifor offentleg høyring?

Framlegg til planen er ikkje eit endeleg dokument, men eit utgangspunkt for vidare drøfting og forbetring. Offentleg ettersyn av planforslaget skal sikre at ulike interessentar får uttale seg før politisk behandling ved endeleg vedtak av planen.

Korleis komme med innspel til planforslaget?

Meir informasjon om planen finn du på Stad kommune si heimeside under «Kunngjeringar», eller under «Temaplan for klima». For å gi innspel, bruk elektronisk innspelsskjema under «Sjå og gje innspel til saker på høyring» eller send per post (merk med referansenummer 25/10526, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid).

Vil du ta ein prat?

Det er mogleg å ta direkte kontakt med sakshandsamar (marte.sofie.soreide@stad.kommune.no) dersom du har spørsmål til planen. Det er også mogleg å avtale tidspunkt for å komme innom kontoret på rådhuset for ein prat i løpet av høyringsperioden. Når fristen er ute, vil alle innkomne innspel bli vurdert, før planen vert lagt fram til behandling for politisk vedtak.