Kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett

Stad jobbar med ny kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett. Planen skal følge opp kommuneplanen sin samfunnsdel, og vere ein strategisk plan.

Status for planarbeidet

Formannskapet i Stad kommune vedtok 13. juni 2024 å legge ut forslag til kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel er 21. august 2024. 

Korleis gje innspel?

Du kan gje skriftleg innspel til planforslaget via

Elektronisk innspelsskjema

  • E-post: Merk med uttale til forslag til kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett 2024-2035, send til post@stad.kommune.no
  • Brev: Merk med uttale til forslag til kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett 2024-2035, send til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Ansvar og mandat 

Kommunedelplanen vert utarbeidd etter reglane i plan- og bygningslova kapittel 11, og skal vedtakast av Stad kommunestyre. Fram til endeleg vedtak er det formannskapet som tek avgjersler knytt til planprogram og offentleg ettersyn av planforslag. Alle politiske råd og utval er involvert i den politiske behandlinga.

Planprogrammet er førande for planarbeidet, både for prosess og innhald. 

Planprogram

Medverknad

Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. Du kan til dømes bidra med kunnskap om behov og utfordringar, og med tankar om utviklingsretning og satsingar som du meiner er viktig. 

Både innbyggarar og lokale lag og organisasjonar vert spesielt oppfordra til å involvere seg. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan.

Innsiktsfase

Første del av planarbeidet var ein innsiktsfase. I denne fasen blei det utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag som danna grunnlag for å ta val knytt til strategiske satsingar for framtida.

Kunnskapsgrunnlaget handler om viktige tema og er omfattande med utfyllande kunnskap om status i høve fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett i Stad kommune, og utviklingstrekk og satsingar nasjonalt, regionalt og lokalt. Her er både utfordringar og moglegheiter tema. I arbeidet med kunnskapsgrunnlaget vart det også  gjort nærare greie for avgrensing i planarbeidet oppimot andre planar, anna planarbeid, samt korleis fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett heng saman med andre tema og korleis det strategiske nivået heng saman med meir utdjupande tema- og handlingsplanar.

Gjeldande plan

Fram til ny plan vert vedteken vil tidlegare planar frå EId og Selje vere gjeldande.

Eid kommune sin kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2014-2026 (PDF, 15 MB)

Selje kommune sin kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2018-2020 (PDF, 3 MB)

Spelemidlar er kopla til desse planane, handlingsdelen til spelemidlane vert rullert årleg. Les meir i artikkelen om spelemidlar.

Artikkelliste