Vald i nære relasjonar

Kva er vald i nære relasjonar?

Vald i nære relasjonar er vald som kjem frå personar som står kvarandre nær. Vald i nære relasjonar omfattar òg barn som er vitne til vald.

Definisjon vald: «Vold er enhver handling rettet mot en annen person som gjennom at denne handlingen skader, smerter, skremmer eller krenker, får denne personen til å gjøre noe mot sin vilje eller slutte å gjøre noe den vil».

Jente som held to vaksne personar i kvar si hand - Klikk for stort bilete

Vald er forbode, og der finnast mange ulike former som til dømes:

  • Psykisk vald
  • Materiell vald
  • Seksuell vald
  • Latent vald
  • Negativ sosial kontroll
  • Tvangsekteskap
  • Digital vald

Kven kan hjelpe - og kvar kan du få hjelp?

Det viktigaste du kan gjere er å dele det med nokon. - Snakk med nokon du stolar på. 

Det finst hjelp, både om du trur/veit at nokon blir utsett for vald, om du sjølv blir utsett for vald, eller om det er du som utøver vald. 

Stad kommune har eigen handlingsplan mot vald i nære relasjonar:
Handlingsplan mot vald i nære relasjonar (PDF, 1005 kB)
Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Under er eit utval av aktuelle instansar du kan ta kontakt med for å søke råd eller be om hjelp. 

Oversikt instansar
Ressursar Instansar
Instansar i Stad kommune • Fastlege Eid eller Selje • Helsestasjonen • Psykisk helseteneste i kommunen • Barnevernstenesta • Nordfjord familievernkontor
Fylkesvise eller nasjonale instansar • Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 • Krisesenteret Sogn og Fjordane • Nok. Sogn og Fjordane – Ingen skal bli utsett for seksuelle overgrep • Mental Helse - hjelpelinje 116 123 • VOlinjen: Hjelpelinje for vold og overgrep i nære relasjonar 116 006 • Konfliktrådet • Norges domstoler bistandsadvokat • Politi (02800)
Aktuelle nettressursar • Littsint – Sinnemestring for foreldre • Dinutvei.no • Alternativ til Vold • Støttesenter for kriminalitetsutsatte • Avvergingsplikt og meldeplikt ved vold, overgrep og utnytting • Vern for eldre
Hjelp på ulike språk • dinutvei.no/languages • VOlinjen languages
Behov for akutt hjelp • Politi 112 • Medisinsk nødtelefon 113 • Legevakt 116117 • Akutt-telefon barnevern 459 76 206


Brosjyre om vald i nære relasjonar (PDF, 450 kB)
 

Kontakt

eDialog - sikker post

Send post til kommunen
på ein trygg måte

 

Ved behov for akutt hjelp:

  • Politi 112 
  • Medisinsk nødtelefon 113 
  • Legevakt 116 117 
  • Akutt-telefon barnevern 459 76 206