MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Haugen skule og barnehage

Haugen skule og barnehage

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

Haugen barnehage ligg på Haugen, 5 km vest for Nordfjordeid sentrum. Barnehagen er ein del av eit oppvekstsenter, samlokalisert med Haugen skule. Barnehagen held til i underetasjen i «gamleskulen», med eige uteområde.

Barnehagen vart oppretta i 2005 og er godkjend for 18 plassar for barn i alderen 1-6 år. Vi har tre tilsette; to barnehagelærarar og ein fagarbeidar. Barnehagen ligg fint plassert med naturen tett på, og vi er så heldige at vi kan velje mellom å gå tur i skogen, på fjellet, til fjorden eller til Klenkarberget stadion når vi ynskjer å legge opp til aktivitetar i nærområdet. I og med at vi er eit oppvekstsenter, har vi også tett samarbeid med skulen og arrangerer ofte aktivitetar i lag.

Visjon

Haugen barnehage skal ha eit inkluderande læringsmiljø prega av aksept, tryggleik og lyst. Haugen barnehage skal vere ein god stad å vere og lære for alle. Ingen er like. Vi er alle forskjellige. Vi skal aksepterte andre for den dei er. Vi vil at alle skal kjenne seg trygge og at ingen skal bli plaga eller krenka. Auka trivsel gir inspirasjon og lyst til å lære.

Nettside Haugen barnehage

Kontakt

Vivian Frøynes Melheim
Rektor/styrar
E-post
Mobil 917 38 636