Oppgåveutval

Arbeidet med ein ny strategisk plan for Nordfjordeid femnar om mange tema, deriblant næringsutvikling. Stad kommunestyre har oppretta eit mellombels utval beståande av kommunestyrerepresentantar og representantar frå næringslivet på Nordfjordeid, som saman skal setje fokus på framtidig, berekraftig næringsutvikling på Nordfjordeid.

Utvalet har fått namnet "Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid". Utvalets møteplan er tilgjengeleggjort under den ordinære møteplanen på kommunen si heimeside. 

Utval for næring/oppgåveutval

Stad kommunestyre har vedteke at det skal setjast ned eit eige, mellombels utval for strategisk utvikling av Nordfjordeid med representasjon av politikarar og personar med ulik kompetanse og erfaring med strategisk arbeid, næring og samfunnsutvikling. Utvalet skal levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet «Næringslivets betyding i eit levande og berekraftig Nordfjordeid». Føremålet med ordninga er elles å styrke nærdemokratiet og lokal politisk leiing gjennom å samskape med omgjevnadane.

Oppsummering frå utvalsmøte 12.12.2022

Oppsummering frå utvalsmøte 20.12.2022

Oppsummering frå utvalsmøte 19.01.2023

Oppsummering frå utvalsmøte 13.02.2023

Oppgåveutvalet utgjer berre ein del av eit samla medverknadsopplegg for det strategiske planarbeidet for Nordfjordeid, der andre brukar- og interessegrupper blir involvert på anna måte. Administrasjonen vel i oppstarten av arbeidet å setje fokus på næringsutvikling, og med det også finne ein eigna arena for å starte ein koordinert og politisk styrt dialog med næringslivet. Dette blir no føreslege gjennomført via eit såkalla oppgåveutval. Utvalet skal, etter mandatet, levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet «Næringslivets betyding i eit levande og berekraftig Nordfjordeid». 

Torsdag 27.10 vart det valde inn i eit nytt mellombels utval som skal bidra inn i arbeidet med ny strategisk plan for Nordfjordeid sentrum. Utvalet består av ei blanding av eksisterande kommunestyremedlemmar og innbyggjarar i Stad kommune med særleg kompetanse innan samfunn- og næringsutvikling. Utvalet sitt arbeidsområde er kopla mot næringsutvikling, med tittelen «Næringslivets betyding for eit levande og berekraftig Nordfjordeid». Utvalet er no sett saman slik:

  • Synnøve Aabrekk
  • Gro Gjerdevik
  • Cecilie Bjørlo
  • Reidun Sunde
  • Ove Kjøllesdal
  • Ove Bjørlo
  • Knut Tore Nes Hjelle
  • Ole Mathias Nes
  • Bjørn Myklebust
  • Roger Bergset
  • Siri Sandvik
  • Paul Jacob Helgesen
  • Gunvald Ludvigsen
  • Ståle Sandal
  • Betty Hessevik

Mandatet inneber at utvalet har ei utgreiingsoppgåve og at kommunestyret ikkje delegerer avgjerslemynde. Diskusjonsnotatet frå oppgåveutvalet skal gi innspel til det vidare politiske arbeidet med sentrums- og næringsutvikling, og ein peikepinn på kva tema som det er særleg viktig å få belyst, diskutert og tatt stilling til det vidare strategiske arbeidet og i ny arealplan. Føremålet med ordninga er elles å styrke nærdemokratiet og lokal politisk leiing gjennom å samskape med omgjevnadane.

Artikkelliste