Status for planarbeidet
Revidert strategidokument vart vedteke av Stad kommunestyre den 7. mai 2025, sak KS-25/075. Dokumentet blir oppdatert med forord og vil bli publisert innan sommaren 2025.
Les vedtakssaka her:
Strategisk utvikling av Nordfjordeid mot 2045 - vedtak
Strategidokumentet skildrar den langsiktige utviklinga av kommunesenteret i Stad kommune, og skal identifisere og mobilisere til ei felles retning for Nordfjordeid framover mot 2045. Seks overordna innsatsområde og strategiar for fem delområde gir retning for det seinare arbeidet med arealplanar og utviklingsprosjekt.
Arbeidsprosessen
Heile arbeidsprosessen blir dokumentert og gjort tilgjengeleg gjennom ei kartfortelling (Storymap). Kartfortellinga inneheld informasjon om framveksten til tettstaden Nordfjordeid og gir ei oversikt over dei kunnskapsgrunnlaga som er utarbeidd over tid, knytt til sentrumsutvikling og arealbruk. (NB: Kartforteljinga er per d. d. ikkje oppdatert med vedtekne strategiar.)
Kartfortelling om Nordfjordeid sentrum
Politisk forankring
Kommunestyret i Stad gjorde i møte 18. juni 2021, sak KS-21/086, vedtak om å starte opp eit strategisk utviklingsarbeid for Nordfjordeid sentrum. Utfyllande informasjon med tilhøyrande bakgrunnsdokument er å finne her.
Under er dei politiske vedtaka knytt til saka:
- Sak KS-23/030: Finansiering av områdeplan Nordfjordeid
- Sak KS-21/035: Informasjon om utførte moglegheitsstudiar og sak om prosessen vidare
- Sak KS-21/143: Utviklingsprosjekt Nordfjordeid sentrum - organisering
- Sak KS-22/078: Vedtak om midlar til arbeid med nytt sentrumsnært næringsareal
- Sak KS-22/103: Mandat for oppgåveutval - Strategisk plan for Nordfjordeid
- Sak KS-22/150: Val av medlemmer til oppgåveutval
- Sak KS-23/027: Vidareføring av utval i samband med strategisk plan for Nordfjordeid
- Sak F-24/173: Forslag til høyringsdokument - Strategisk utvikling av Nordfjordeid mot 2045
- Sak KS-25/075: Strategisk utvikling av Nordfjordeid mot 2045 - vedtak
Medverknad
Stad kommune ønskjer at mange stemmer skal bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vert difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet. Innbyggjarane sine tilbakemeldingar vil bli brukt til å kartlegge problemstillingar og tema som blir viktige å løyse i ein eller fleire nye arealplanar for Nordfjordeid, i tillegg til å utvikle mål og strategiar for ønska nærings- og samfunnsutvikling.
Les meir om medverknadsprosessane her:
Medverknad
Oppgåveutval
Stad kommunestyre oppretta eit mellombels utval beståande av kommunestyrerepresentantar og representantar frå næringslivet på Nordfjordeid, som sette fokus på framtidig, berekraftig næringsutvikling på Nordfjordeid. Oppgåveutvalet gjennomførte seks møte frå desember 2022 til november 2024:
Fortettingsanalyse
På oppdrag frå Stad kommune har Norconsult i 2024 utarbeidd fortettingsanalyse og handels- og næringsanalyse for Nordfjordeid, som er nytta som kunnskapsgrunnlag for utarbeiding av strategiar for Nordfjordeid. Dei vil Òg vere nyttige i vidare arealplanlegging. Analysane kan du finne her:
Nordfjordeid - plangrep, fortettinganalyse og handelsanalyse
Handels- og næringsanalyse for Stad og Nordfjordeid (PDF, 4 MB)
Planar og dokument